Welfare Technology – Innovation through Cooperation

Srevet av Tone Kirkhorn, ALV Møre og Romsdal

I høve KS sitt arbeid med EØS-prosjekter for organisasjonsutvikling har hovudstyret til søsterorganisasjonen i Bulgaria vore på besøk i Oslo denne veka. Under besøket ønska dei å fokusere på innovative løysingar og metodar for tenestelevering i kommunane, då særleg på helsefeltet. KS tok difor kontakt med ALV med spørsmål om vi kunne halde ein presentasjon om arbeidet vi gjer, under tittelen «Welfare Technology – Innovation through Cooperation».

Bjarne Pareliussen og Cecilie Campbell tok denne utfordringa på strak arm, og har i dag presentert korleis vi gjennom bruk av nettverk og samskaping jobbar med innovasjon og velferdsteknologi.

Ut i frå tilbakemeldingane var den bulgarske delegasjonen spesielt imponert over at vi har fått til eit så fint samarbeid mellom kommunane gjennom blant andre USHT, ALV og eKommune Sunnmøre – saman med akademia, brukarar og nærinslivet. Dei såg også på «Jeg kan» prosjektet som eit glimrande eksempel på innovasjon og gav uttrykk for at dei ønskjer å få til noko liknande i Bulgaria.

Ei stor takk til Cecilie og Bjarne som er gode representantar for miljøet. 

Vi set stor pris på at ein også på nasjonalt nivå registrer aktiviteten her i området!

 


På bildet ser vi Cecilie og Bjarne saman med to bulgarske ordførarar.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s