Gladmelding fra Høgskulen i Volda: Nytt studietilbod!

Det nye studiet Musikk i målretta miljøarbeid er no godkjent!                    [Skrevet av Anne Sofie Egset, Høgskolen i Volda]

Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom musikkseksjonen ved Øystein Salhus og institutt for sosialfag ved Anne-Sofie Egset. Fagfolk frå begge avdelingane har vore med å laga emneplanen saman med representant for omsorgstenestene Astrid G. Dimmen.

Studiet er ei vidareføring av Miljøterapi i demensomsorga. Det fjerde kullet er no i ferd med å sluttføre dette emnet (siste samling veke 12)  og om lag 100 studentar har teke denne utdanninga.

Tilbakemeldingane frå kommunane er at dette fører til ny giv og endra praksis m.o.t miljøterapeutiske tiltak. Kompetanseheving innan demens er ei nasjonal satsing, jf. Demensplan 2015 «Den gode dagen».

Tidlegare studentar har etterlyst meir kompetanse når det gjeld bruk av musikk i demensomsorga. Denne utfordringa har vi teke og vi er svært glade for å kunne tilby dette emnet til hausten.

Ved å ta begge emna vil studentane få 30 studiepoeng og vitnemål i studieprogrammet Vidareutdanning for helse- og sosialfag i aktiv omsorg: Les mer i studiehandboka

MUSIKK I MÅLRETTA MILJØARBEID :

I emneplanen står det: Bruk av musikk har auka fokus i målretta miljøarbeid. Når menneske med demens og kognitiv svikt opplever at livet blir uoversiktleg, aukar behovet for tryggleik og stimulering innanfor fleksible rammer.

Song og musikk kan bidra til å fylle psykososiale behov, stimulere til sosial kontakt og skape trivsel. Studiar har vist at musikkterapi kan føre til reduksjon av uro, angst og depresjon.Studiet går over 2 semester, hausten 2012 og våren 2013 og gir 15 studiepoeng. For meir info: les emneplanen

 Kontakt: Anne-Sofie Egset, Førstelektor, Institutt for sosialfag. Høgskulen i Volda- TF 70075013 M 97169915 annesofie.egset@hivolda.no

 

Dette innlegget ble publisert i Nyheter og nyttig informasjon. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s